Undervegs på reisa


Oktober er på hell og eg er godt i gong med praksisarbeidet hjå UiB. Praksisarbeidet mitt starta med eit dagstokt til Hjeltefjorden på båten »Hans Brattström» som er eigd av Universitet i Bergen og blir driven av Havforskningsinstituttet. Dette var eit tokt som i seg sjølv ikkje er knytt direkte til det arbeidet eg skal gjere, men kven seier vel nei til å reise på tokt når moglegheita er der? Litt over klokka 9 på morgonen gjekk båten frå Marineholmen og vêret såg ut til å vere på vår side. På toktet var veiledaren min Henrik Glenner, Kenneth Meland, besetninga på båten og eg, og vi var på jakt etter ein spesiell type glasreke. For å få tak i denne organismen nytta vi ein slags trål som vi senka med i sjøen og drog den etter båten i ca. eit kvarter om gongen. 

 

 

 

20150917_120021

Her kan ein sjå trålen som blei nytta

Spenninga var like stor kvar gong vi tok trålen ombord i båten igjen. Kva ville vi finne? Hadde vi fått reka? Det vi i allefall hadde fått var krill og maneter, og midt inni mellom all krillen fann vi ei og anna reke. I trålen fekk vi også sjølvlysande fisk, altså fisk med bioluminescens! Eg vart nesten frå meg av begeistring for ein slik kul fisk hadde eg berre lært om, men aldri vore med å teke opp frå havet sjølv, før no! Siste gongen trålen var sjøen, tok den ned i botnen. Dette var noko som i utgangspunktet ikkje var meininga, men for min del gjorde det ikkje så stor skade, for opp med trålen kom eit mylder av liv som ein til dagen ikkje ser i fjæresteinane langs Store Lungegårdsvatnet. Du kunne tru eg sat ute på dekk og kosa meg med berre å stirre og observere dei mange fantastiske livsformene. Det var nett som 7 år gamle Susanne var tilbake, lysten på livet og på å lære.

Kvardagsgleder for ein komande marinbiolog

Kvardagsgleder for ein komande marinbiolog

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Det faktiske praksisarbeidet mitt går ut på at eg skal grovsortere botnprøver frå Sognefjorden. Dette gjer eg på sorteringslaben på Institutt for biologi, UiB. Eg starta på ei prøve frå 2012 og var litt skeptisk til kva eg ville finne i det som såg ut som mudder og sand.

Er det berre mudder og sand?

Er det berre mudder og sand?

Min arbeidsplass

Min arbeidsplass

Ei skei med prøve blei plassert i ei objektskål, tynna ut med etanol og sett under mikroskopet. Kva ville eg finne? Mykje småstein og rusk? Å nei, du. Langt ifrå! Alt frå poredyr, echinodermata, muslingar, fleirbørstemark i ulike fasongar, krepsdyr og nematodar m.m. blei funne, og sortert i kvar sine glas. Dette er dyr som eg har lært om i BIO101, så det er kjekt at den infoen blir henta fram igjen og forfriska. For å vere heilt ærleg, så tenkte eg at dette praksisarbeidet skulle omhandle litt større organismar, då eg likar å ha eit forhold til organismane og at ein kan sjå morfologien med det blotte auget. Likevel så har desse små organismane klart å fange interessa mi og det er med stor iver og entusiasme eg fortel om funna mine i lunsjen.

Planen vidare er at vi snart skal ut på tokt, så stay tuned!

Leave a comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *