Andre blogginnlegg 1


Hei!

No er det mykje som har skjedd sidan sist blogginnlegg. Eg har no jobba hos LFI i snart 90 timar og kan melde om at det går veldig bra (og alt for fort). Eg og Kristina, som også har praksis ved LFI, har blitt tatt godt imot av dei som arbeidar der og vi har fått prøvd oss i litt forskjellige oppgåver både på kontoret og ute i felt.

18109904_1425125160880033_1345145660_o

Dagens outfit: alt for stor vadebukse

 

Den første oppgåva vi fekk var å sjå på videoopptak tatt av eit undervasskamera, der LFI har satt opp ei antenne som skal registrere fisk i vatnet. Vi måtte følgje med å registrere når det svømte fisk gjennom antenna for at dei skal kunne sjå at antenna registrerar fisken.

 

Vi fekk også utlevert ei liste over artar som vi skulle finne informasjon om: kva habitat dei lev i, kva dei et, storleiken deira, når dei klekker osv. Dette skal brukast til å sjå om den funksjonelle biodiversiteten i ei elv endrar seg når vatnet vert surare. Eg må innrømme at eg tenkte, når vi fekk oppgåva, at dette blir ein enkel sak, men det viste seg å vere meir omfattande en som så. Når ein får eit slikt ansvar vil ein jo at det skal vere bra. Det er ikkje berre å levere inn å få ein karakter, informasjonen vi finner skal faktisk brukast. Vi har brukt nokre timar på dette, og drukket nokre kaffikoppar, men vi begynner å nærme oss noko vi tørr å levere frå oss.

 

 

Fettfinneklipping, merking og måling av smolt

Fettfinneklipping, merking og måling av smolt

Vi har fått vore med til Voss og lært å PIT-merke laksesmolt. Dette er ein del av eit prosjekt LFI har, som jobbar med å reetablere villaksbestanden i Vosso. Det var veldig spennande å få høyre om dette. Det er tydelig at alle som jobbar på LFI er lidenskapelig opptatt av jobben sin. Dei er flinke til å fortelle og å lære vekk, og dei svarar på alle spørsmål eg måtte ha.

 

Ikkje nok med det! Vi fekk til og med lov til å vere med på ein tre-dagers tur til Aurland, ein mini-ferie. Misforstå meg rett – vi jobba heile tida, men samtidig var det så kjekt å vere med. Her var vi med på å plante rogn i elvene, vi leita etter gyteplassar for å sjekke overlevelsen på rognen og vi hjelpte til med å bygge sideløp for å gi fleire gyteplassar for både laks og sjøaure. Det var veldig lærerikt å få vere med på dette. Ikkje berre reint fagleg, men også det å få sjå korleis det er å ha ein slik jobb. Å vere ute heile tida uansett vêr, å kunne planlegge kva ein skal gjere, å samarbeide med andre.

 

 

 

Bli gjeng som snart er ferdig med å plante ut 187 000 laksebabyar

Blid gjeng som snart er ferdig med å plante ut 187 000 laksebabyar

 

Puh! Eg kunne skreve mykje meir enn dette, men dette innlegget er langt nok som det er. Får heller ta det igjen neste gong.

 

Snakkast!


Leave a comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

One thought on “Andre blogginnlegg

  • Gaute Velle

    Ikke værst å opplæring og studiepoeng, samtidig som du har det såpass kjekt at det føles ut som om du er på ferie! Jeg tviler på at enhver fremtidig arbeidsdag som biolog blir som dette, men vi kan jo håpe.