Blogginnlegg 2


 

Heihei, no har eg og Elisabeth vore med Havforskningsinstituttet litt over 80 timar, som er halve tida vi skal vere her. I byrjinga lhieita vi i arkivet du ser på bilde etter dei rette dataane som vi skal digitalisere. På arkivet ligg det svært mykje data som ikkje eksiterar andre plasser enn desse mappene. Vi har også prøvd å få tak i eventuelle artiklar som har brukt dei same dataane vi skal bruke, utan hell so langt. Vi har fått litt fleire folk vi skal kontakte no, so vi håpar å finne noko.

No er vi og starta med å punche inn dataane på eit rekneark i google doc. Det tok oss litt tid å finne ut korleis vi skulle skrive inn informasjonen for å gjere den mest moglig tilgjengelig og enkel for folk som skal hiibruke den etter at vi er ferdige. Vi har lært litt om korleis lagre data for framtidig bruk på ein effektiv måte. Eg har fått eit innblikk i kontor livet til oceanografar, og kva mogligheitar ein har etter studiene.

Vi har masse igjen, so vi skal kunne klare å fylle resten av timane.

 

Venneleg helsing frå Havforskningsinstituttet sitt arkiv, Sunniva.

Leave a comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *